På tur med Tiril Eckhoff og Ånund Lid Byggland

Tidligere i sommer dukket det opp en forespørsel om å leie packrafts til en fjelltur. De som spurte var ingen ringere enn Tiril Eckhoff, flere ganger verdensmester i skiskyting, og samboer Ånund Lid Byggland, tidligere Norgesmester for juniorer i langrennssprint og deltaker i WC i Sprint. De fikk med seg en Alpacka Denali Llama og en Mule.

Tekst og bilder: Tiril Eckhoff og Ånund Lid Byggland

Turen gikk til Setesdalsheiane, nærmere bestemt området mellom Rysstad i Vest-Agder og Lysebotn i Rogaland. Her er Ånunds egne ord (Han er fra Høydalsmo i Vest-Telemark og skriver på nynorsk):

– Me var ved noko som heiter Heibergtunet ved Storevatn i Setesdalsheiane. På turen inn gjekk me først to timar på beina med packraften pakka ned. Når me kom fram til vatnet, pumpa me opp packraftene og padla i staden for å gå. Det hølja ned med regn, men me holdt oss tørre, sparte krefter og hadde det veldig moro.

Alternativ rute

– På veg heim valgte me ei anna rute der me først gjekk ein time før me pumpa opp båtane. Deretter padla me i sterk medvind ca 2-3 kilometer langs Taumevatn. Frå enden av dette vatnet var det ei lita elv med to korte stryk som me prøvde oss på. Dei var nok ikkje store greiene i utgangspunktet, men me følte me dreiv med ekstremsport og fekk sjukt kick. Etter dette fylgde nok eit stryk, før me for første gong måtte bære båtane på sekken. Dette fungerte også veldig bra – til tross for litt vind.

Vannvittig bra

– Alt i alt om packraftene: vanvittig bra! Dei er lette å pakke opp og ned, veldig gode å sitte i – og ikkje minst; dei verkar sinnsykt solide i tillegg til at dei er stødige. Me møtte ein del folk i fjellet og opplevde at alle var vanvittig nysgjerrige på kva me hadde meg oss. Det var litt kult å kunne stå å skryte av produktet og kunne gå god for det!